Ville vekster – gratis mat

Kva kan du eta av det som veks rundt deg? Ganske mykje, faktisk! Her får du nokre gode tips.


Mykje av det som veks i stranda eller i skogen kan me eta. Kristine Enger er meir enn gjennomsnittet oppteken av naturlege godbitar, og bruker mykje av tida si på å hausta og foredla. Her får du høyre korleis ho haustar kvann og gauksyre, og ho tar også turen bortom stemorsblom, skvallerkål og løvetann.

– Du må altså bruka hanskar når du klipper kvann, seier Enger. Elles kan du få utslett på fingrane. Du må også lukta godt på planta, for å skilja den frå andre plantar som liknar, og som kan vera giftige. Strandkvann har ei heilt karakteristisk lukt. Er du i tvil, så få med deg nokon som kjenner strandkvann første gong du plukkar!

Strandkvann
Strandkvann kan gje utslett, så det er best å bruka hanskar. Få med deg nokon som kjenner strandkvann første gong du plukkar, så du ikkje forvekslar den med andre, potensielt giftige vekstar.

Unge stenglar av kvann kan du bruka i appelsinmarmelade og du kan laga sirup.

Lurer du på om du har kjent smaken av kvann? Den er hovudssmakstoffet i den franske Benediktiner-likøren, fortel Kristine Enger. – Den er også krydder i den norske St. Hallvard-likøren.

Når Kristine Enger lagar sirup (oppskrift i botnen av saken), så lagar ho den med sitron. Men i dag skal ho prøve ein annan ingrediens som erstatning for sitrona:

Blomane til gauksyra kan du bruka som pynt i salatar, medan blada kan erstatta sitronsaft i supper, sauser og sirup, fortel Enger. Gauksyra inneheld c-vitamin, men også oksalsyre som ein ikkje bør eta så mykje av, legg ho til.

Gauksyre
Gauksyre, gaukesyre, gjøkesyre, gjøksyre, Oxalis acetosella – eit vakkert barn med mange namn og god smak. Berre ikkje et så mykje av blomen.

Når ein først er ute, er det litt av kvart ein kan ta med seg. Løvetann er nok kjend for dei fleste. Ei god matplante, seier Enger, som tipsar om at ”løvenøttene”, altså dei små, harde knoppane du finn nede ved bakken, eignar seg godt i omelett. Elles er heilt unge blad av løvetanna veldig anvendeleg til salat, suppe, gryte og gjerne saman med skvallerkål og brennesle.

Løvenøtter
Harde må dei vera, løvenøttene.

Skvallerkål er også lett å finna rundt om. Du kan bruke den til det du ville brukt bladpersille til.

Skvallerkål
Skvallerkål veks “overalt” og kan brukast til mykje.

Pynta mat kan ein gjera med vill stemorsblom og ville fiolar. Dei er fine som dei er, eller du kan kandisera dei, altså venda dei i eggekvite og strø på sukker, la dei tørke godt i opptil 2 døgn, før du kan bruka dei som kakepynt.

Kvifor heiter blomen stemor? Kristine Enger fortel: Stemora sit på to begerblad. Hennar eigne barn sit på kvar sitt begerblad, medan dei to stebarna bak desse må dela eitt!

OPPSKRIFT PÅ SIRUP:

Kok 1 liter vatn, 1/2 kg sukker og saft av 1/2 sitron (eller to never blad frå gauksyre), til den byrjar bli tjukk og fin. Ha i strandkvann på slutten av koketida og kok med ei  stund for smakens skuld. Ta dei ut av til slutt. Mengden strandkvann ser du på bildet med den grøne hansken lenger oppe.

 

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.