Vinter og snø!

Skiføre på Hebnes – det er ikkje kvardagskost! Men denne veka har det vore snø i alle variantar.

Sjølvsagt legg me ut bilde frå den dagen det var finast, sjølvsagt gjer me det :) Men me innrømmer så gjerne at det var dagar det var grått, dagar det var klart, dagar det var litt vind, dagar det var stilt. All slags! Bonden har vaska rister i grisehuset og rydda i kratt og kjerr bak grisehuset for å få strekt sauebeitet litt til.

Her kan du boltra deg i bilde av lokale hytter (ikkje berre fjordhagehytter) frå den dagen det verkeleg var winter wonderland også her nede på neset.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.